Accomodation Fjordane folkehøgskule

From NOK 950

Vi tilbyr overnatting til gjester som deltek på våre aktivitetar i samarbeid med Fjordane folkehøgskule.  

Paviljongen ved Fjordane folkehøgskule er eit sjarmerande og frittståande hus med 3 soverom, felles opphaldsrom og separat bad med dusj og toalett. Kjøkkenkrok med kjøleskap, kokeplater og vask. Paviljongen er ideell for for familiar, med alt på eitt plan. Trådlaust internett. Vaskemaskin kan lånast etter avtale.

Stedet
Paviljongen er ein del av elevinternatet til Fjordane folkehøgskule og ligg i eit roleg nabolag med gå-avstand til Nordfjordeid sentrum.

Alt i ein fjord!
Nordfjordeid ligg midt i Nordfjord og er eit supert utgangspunkt for den om ønsker ein aktiv ferie, med korte avstandar til både fjord og fjell. I sentrum ligg den sjarmerande Eidsgata, med kjøpesenter, restaurantar og attraksjonar som Sagastad og Sagaparken.

Ein stad i Stad
For borna er det kort veg til Klatreparken og Sagaparken i sentrum, der det er laga eiga sandstrand og ein har tilgang flotte leikeområde. Syklar kan lånast av folkehøgskulen.

Les meir om alt du kan finne på i Nordfjord på Visit Nordfjord sine nettsider nordfjord.no

From NOK 950

Book Now

Highlights

Vi tilbyr overnatting til gjester som deltek på våre aktivitetar i samarbeid med Fjordane folkehøgskule.